Etter mykje papirarbeid og stress (takk til internasjonal seksjon: "til utlandet på 1-2-3".....), satt me ved sida til Jan Erik nede i kjellaren på sentralbygget hos Kilroy Travels på Gløshaugen og skulle bestille billett. Tur-retur Australia var planen. Me endte opp med Noreg-Japan-Australia-New Zealand-Samoa-Noreg. Jan Erik kunne sakene sine.
Denna fine figuren har eg stelt av Beate, berre så det er sagt/skrive.For ei stund sidan fekk me beskjed om at me hadde kome inn på universitetet, noko me var ganske så letta over ettersom ingen av kånn kjøpte avbestillingsforsikring på reisa. Ein skal då vere litt tøff i trynet.
Den 13. juli 2008 byrjar eventyret til Beate og Anlaug. Det er snart berre ein månad til, men reisefeberen har ikkje nådd meg enno. Eksamenslesing skal vel ha litt av æra for det. Om litt meir enn ein månad sit me altså på flyet med maks. 20 kg i bagasjen og eit tonn med forventningar.
