I går hadde bebuarane i 3 Young Street staseleg middag i den ringe stova. Vår private kokk, Christoph, diska opp med herleg italiensk mat medan Beate og eg stod for vinen (som me av mangel på vinglas måtte drikke frå krus...). Gep, den nyinnflytta, forsynte kjøkkenet med ny steikepanne. Alle var veldig spente på kva for mat den tyske (og nyklipte) kompisen kånns skulle diske opp med. Han var nemleg svært gnien på opplysningar om kva som venta kånn - men guten kunne laga mat, han! Eg trur me må lure han te å kokkelere fleire gonger.

Då me hadde skrapa tellærkane og prata om alt og ingenting reiste Christoph ut til ein kamerat medan me andre blei heime og holdt vinen med selskap. Moroa hadde berre så vidt byrja. Gep ville ut å ta seg ein røyk rundt midnatt, og Beate og eg blei med ut så han ikkje skulle vere så einsam. Me satte utgangsdøra open og satte kånn ned på benken på verandaen ute. Frå intet kom eit vindkast og dytta døra att - og ja, me har smekklås - og nei, ingen hadde med seg nykkel.
Så sat me der, da. Iført tøflar og joggebukse medan temperaturen krøyp nedover. Betre vart det ikkje etter eg trakka i ei vassdemme då eg skulle prøve å dirke opp bakdøra med ein sykkelnykkel (det virka som ein god ide akkurat der og då). Me prøva så godt me kunne å bryte kånn inn gjennom vindauga til Beate og mitt sitt rom, men det nytta lite. Dei satt bom fast. Ytterdøra gjekk ikkje an å sparke inn (ja, me prøva faktisk). Etter å ha innsett nederlaget henta Gep og eg dunkar med varmt vatten frå vaskerommet i bakgården slik at me kunne halde varmen. Eg tør ikkje tenke på å teite me såg ut der me sat tri stykk på ein liten benk med beina oppi dunkar det tidlegare hadde vore sementblanding i. Der sat me tett omslynga og venta på at Christoph skulle komma heim. Det varte og det rakk, men ingen Christoph kom. Ingen av kånn hadde mobil heller, så me var rett og slett fortapte.
På eit tidspunkt vurderte me faktisk å knuse eit vindauge for å komma kånn inn. Etter å ha innsett at ulempene var ein god del større enn den eine fordelen, kunne me ikkje gjere anna enn å vente. Etter 2,5 timar med hutring og sutring fann Gep likevel ei løysing. Vindauget til rommet hans gjekk an å opne såpass mykje at ein person kunne komma seg inn. Gep lyfte meg opp - forhåpentlegvis utan at naboane registrerte det - og eg fekk kravla meg inn og opna døra ut. Me var redda!
Her endte natta for kånns del. Christoph kom heim ein halvtime seinare. Då låg eg godt under dyna og drømte om sykkelnyklar, sementspann og raudvin i kaffikrus.


