torsdag 14. august 2008

Folkeskikk og slikt


Eg kjenner meg gammal. Det er like før eg utstyrer meg med paraply eller handveske slik at eg kan denge alle dei uforskamma ungdommane i skallen. Slik har eg blitt. Tante Pose. Eg sit i forelesningane på universitetet og irriterar meg over at folk ikkje kan halde kjeft når forelesaren pratar. Høglytte folk på bussen som brettar ut privatlivet sitt fær og gammal-dame-lampa til å blinke i hovudet mitt. Til jenta (type 14 år gammal) på bussen i dag: eg er fint lite interessert i å høyre om alkohol/pille-coctailen du drakk før du gjekk ut av huset. Informasjon om diverse prevensjonsmiddel er og ei smule i overkant av kva folk vil utsetjast for når dei tek kollektiv transport.

Har ein avtalt eit møte med ein professor som har knapt med tid klokka 13 så kjem ein klokka 13 og ikkje 13:15. Beate og eg trappa trufaste opp 12:55 medan våre iranske makkerar subba inn eit kvarter for seint. Da hadde me ikkje så mykje tid att. Fysj og fysj. Dagens ungdom!

Mammaen og pappaen min har heilt klart sprøyta huet mitt fullt av glansbilete av korleis folk skal te seg. Takk skal dekkan ha. No gjeng eg og irriterar meg grøn over alt mogleg. Eg er heldigvis ikkje den einaste som har blitt hjernevaska i heimen. Foreldra te Beate har tydelegvis ikkje gjort nokon dårlegare jobb.

Frå no av vert det kamferdrops, småkaker og kaffi for alle pengane. Skal vurdere å bytte ut brillene mine med ein litt strengare modell. Permanentrullar er bestilt og sundagshatten ligg berre og ventar på å bli bruka.

Når det nu er snakk om folkeskikk må eg få legge til; grisen flyttar ut. Snål tyskar flyttar inn:). Snål som i søt/grei/kosleg. Ikkje rar. I tilfelle nokken der ute ikkje skjønnær telemarksk. Ungdommen nå til dags gjer vel ikkje det.

Ingen kommentarer: