Ein artig (eventuelt grueleg irriterande) ting ved å bu i kollektiv er alle dei ulike vanane/uvanane til dei ein bur med. Heilt til no har eg sett på håndkledet som eit hjelpemiddel for å få kropp og hår tørt, samt noko til å ligge på når ein er på badetur. I detta kollektivet brukast det til ein ting til (det skal seiast at dette berre gjeld Malcolm); golvklut. Ja, det stemmer. Hånkledet fungerar nemleg utmerka til å vaske både bad og kjøkken. Då Malcolm "vaska" badet for eit par veker sea (Beate og eg har satt opp ei slik fin vaskeliste) la eg merke til at han bruka eit hånklede til jobben. -Javel, tenkte eg, det er sikkert berre eit gammalt hånklede han likevel skal kaste. Eg ville i alle fall ikkje tørka meg med noko som har blitt dratt over baderomsskit (inkl. spy, Malcolm har hatt influensa....). Då han tømte mageinnhaldet ut over badegolvet enda ein gong litt seinare (han var så venleg å informere kånn om dette då han ville at me skulle sjå om han hadde fått tørka det skikkelig opp), bruka han same metoden. -Kanskje han har mange håndkle han skal kvitte seg med?
I dag var det kjøkkenet som Malcolm skulle ta seg av. No trur ikkje eg det er tilfeldig lenger; han bruka eit ljoseblått badehåndklede som såg forholdsvis nytt ut. Det er mogleg familien Bruce brukar denne smått tvilsomme metoden heime, det skal eg ikkje spekulere meir i, men eg landar nok heller på forklaring nr. 2; guten har absolutt ingen kunnskap/erfaring når det kjem til vasking. Når ein person må ha bruksanvisning for åssen ein skal vaske eit bad (skal eg vaske do? Dusjen? Åssen vaskar eg spegelen? Kan eg få vekk dei flekkane? etc.) er det noko som ikkje stemmer heilt. Guten er nå berre 20 år, men eg er da ganske sikker på at eg skulle finne ein god deil 20-åringar som veit kva ein golvklut er.
Det ljoseblå håndkledet ligg framleis på golvet ved kjøleskåpet. Eg lurar på når det forsvinn. Trur eg let vere å halde pusten.

4 kommentarer:
Genialt! Kunne ikkje ha sagt det betre! Må berre legga til ein liten detalj; dei siste dagane har eg og Anlaug merka at handsåpa (Palmolive pumpesåpe type samme som vi har i Noreg) har blitt tømt i ein rasande fart. Mon tru om det var dette "vaskemiddelet" Malcolm brukte til å vaska bort mageinnhaldet sitt frå golvet?
Siste bilete ditt Anlaug er verkeleg eit blinkskot! Du har fått med dei ekle beina hans i tillegg til den ufyselige, og visstnok meget allsidige, handduken. Igjen; ekle, ekle guten!
Jeg er 20 og vet hva en gulvklut er - i tilfelle du ønsker å føre statistikk.
Therese :)
Hehe, eg trur det er enklare å føre statistikk over mannlege 20-åringar som IKKJE veit kva ein golvklut e. Trur likevel golvklutsbrukarane ville vere overrepresentert.
du ä usannsynleg morosam-.anlaug du ska sören meg bli forfattar syns eg.
(gunhild)(eg he au blogg-litt meir overfladisk og veldig mykje fokus på klede..)
Legg inn en kommentar