I dei seinare åra er det likevel enkelte dyrerasar som eg har utvikla eit slags hat for. Ta måker som eit døme.
Dei er glupske, stygge, irriterans og innpåslitne. Måkeskrik i det fjerne kan eg gå med på, men det kan lett erstattast av ein CD-spelar med måkeskrik. Eg hadde fått like mykje sommarkjensle av det. Måker setter eg i kategorien drittdyr. Gje meg eit gevær, ein sprettert eller til og meg eit blåserøyr og eg skal gjere mitt beste for å utrydde desse rottefuglane. Det samme gjeld byduer og dei rare fuglane her nede i Australia som høyrast ut som når ungar vert trakka på. Uuuuææææææææ. Grøss.
Så til dyra som verkeleg fær nakkehåra mine te å reise seg og augene te å smalne; rottebikkjene. Dei er små, dumme, bråkete og stygge. Det kan hende at dei høyrer til bikkjefamilien, men etter mi meining er dei meir lik på rottun. Me er så heldige at me har to av desse rottebikkjene til naboar. Dei skvakkar 24 timar i døgnet og held meg vaken når eg helst vil sova. Skvakkinga te desse rottene er så skingrande at eg er redd for at trommehinnene mine skal sprekke. I det siste har dei vore så aktive at eg har vurdert å mate dei sovepiller for å få dei te å halde kjeft. Problemet er berre at eg ikkje har sovepiller. Eg kunne ha bedt huseigaren om å isolere huset betre, men eg trur kanskje det ville vere eit urimeleg krav ettersom isolerte hus verkar vere ikkjeeksisterande i Australia. Difor har mesteparten av tida mi (som eg plutseleg har fått så mykje meir av ettersom natta har blitt korta ned til det halve) gått med til å pønske ut korleis eg kan bli kvitt udyra. Så langt har eg kommi opp med detta:- vente på at Bamse, den passe store bikkja som og bur i gata, skal gå bananas og ete opp krypa (dette alternativet er kanskje det som er mest usannsynleg. De hadde skjønt det om de hadde tatt ein kikk på han)
- be om hardt vær - ein god vind ville sikkert blåse begge rottun te himmels (evt til den steikans varme motparten)
- "låne" litt prottispulver av Barbie (muskeltyskaren me bur med) og håpe at dei fær ei litt meir maskulin bjeffing
- gje dei innsovningspillene te Beate og satse på at dei har ein litt meir permanent effekt enn på oss menneske
- feike eit hundebitt og ringe dyrepolitiet
- blande rottegift inn i maten deira
- skyte begge beista (same metode som for måkun)
- sende dei te Kina med posten

1 kommentar:
Ayayay,misunner deg ikke paa den fronten,de rottebikkjene ser ikke saerlig vennskapelige ut saa oensker deg lykke til med planene dine om aa faa de utryddet (hvertfall fra nabolaget). Synes du har mange gode forslag,henter igrunn litt inspirasjon fra dem i.o.m at vi har en papegoeye som naermeste nabo som skriker doegnet rundt. Synes i utgangspunktet papegoeyer er aalreite og kule dyr,men denne naboen kunne jeg meget godt vaert foruten siden den stoett og stadig vekker meg fra min skjoennhetssoevn. Ellers er gatene her fulle av skitne bikkjer-folk passer ikke paa bikkjene sine her,saa de gaar gatelangs mesteparten av dagen og finner ut av at kl 4-5 paa natta er et godt tidspunkt for aa ha slosskamper med andre bikkjer og dermed braake saa hele nabolaget vaakner,jaja,sliter likevel mer med polly.
Artig aa foelge med paa bloggen din,haaper du har det bra borti der:)
Legg inn en kommentar