Som sikkert dei fleste veit er det venstrekøyring i Australia. Det vil seie at det meste er motsett av det me europearar er van med. Me bur i eit bakvendt land. Det forklarar kanskje kvifor Geb, den tyske, mannlege barbiedokka eg he skrivi om før, reagerte slik han gjorde då han knerta den eine sidespegelen på bilen til Christoph. Normal oppførsel vil eg i alle fall ikkje kalle det.
Etter at det vart eit rom ledig i eit meir eller mindre tysk kollektiv nede i byen bestemte Geb seg at det var på tide å flytte (ein anna grunn var at Beate og eg var for "seriøse" og ikkje festa kvar dag). Me var i grunn ikkje så lei kånn for det, for det har vist seg at han er litt av ein egoistisk tosk. Han fekk låne bilen til Christoph til flyttelasset sitt, noko eg trur Christoph angrar litt på no. Til informasjon er avstanden mellom 3 Young Street og den nye bupælen til Geb mindre enn 1 km.
Då Christoph fekk att bilen sin la han merke til at den eine sidespegelen hang på halvt hold. Han spurte Gep korleis dette hadde skjedd og fekk til svar; "Oii! Det der har eg IKKJE sett! Det må ha vore nokken som har sparka det ned".. Desse sparkepøblane må ha gått grundig til verks, for dekka og felgane på samme sida hadde fått merker som likna mistenkeleg på "oi-der-var-det-ein-fortaugskant"- merker. Geb hadde eit godt svar til dette au. Det var nok ein anna bil som hadde skrapa borti når han hadde stått parkert. Mykje rart hender her nede, men eg har sett særs få bilar køyre på fortauget; bilen hadde nemleg ingen skader på den sida som hadde stått vendt mot gata.
Christoph sa til slutt at han syns Geb burde erstatte spegelen - bilen har han tenkt å selge før han reiser heim til Tyskland, og ein defekt spegel vil ikkje akkurat auke salsprisen. Dette tykte Geb var eit urimelig krav, men sa seg likevel villig til å fikse spegelen - med gaffatape. Geb meinte det vart for dyrt å fikse spegelen skikkelig, difor var tape så mykje betre. Eg er ein trufast tilhengar av gaffa (det e jau ikkje den ting som ikkje kan fiksast med denna vidundertapen), men dette var nå å gå litt over streken. Han kan heller gaffe sine eigne ting, t.d. dei utstikkans fiskeaugene sine. DET hadde nok blitt ei stor forbetring.
..og slik gjekk no dagan: gaffa! - verkstad! - gaffa! - verkstad! - GAFFA!...
Til slutt kjørte Christoph te den lokale bilmekkaren og fekk eit overslag. To hondre australske dollar for å fikse det gamle, noko meir for ein ny spegel. Snill som han er gjekk han for alternativ nummer 1. Svært så motvilling gjekk fiskeauger med på dette. Bilen skal fiksast før helga, så no vert det spanande å sjå når Christoph fær pengane sine. Nokken som vil setta pengar på ein særskilt dag?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

1 kommentar:
Som den businessmannen han visstnok e burde han jo smi no mens hjernet er varmt og Euro'en e sjukt høg i forhold te den australske dollar'n. Men gutten e jo ikkje den skarpaste kniven i skuffo... Eg tipper 19. desember, evt. når han e komen tilbake til Tyskland.
Legg inn en kommentar