Da har me flytta inn i huset ved Bar Beach (i følge folk me har treft e dettan eit veldig bra strøk). For dei som skulle ha lyst te å sende meg eit brev eller noko er adressa (hint hint):
3 Young Street, Cooks Hill
Newcastle
NSW 2300
Australia
Altså, me bur i eit veldig bra område med to flatmates. Ein 23 år gammal tysker (fyller 24 på måndag, Beate og eg skal baka kake) og ein 20 år gammal aussie. Sistnevnte, Malcom, er veldig utadvent og kosleg, men eiger ikkje begreper om åssen ein bør oppføre seg i kollektiv. Trur nok mammaen hans har tatt for seg det meste av matlaginga og ryddinga der i garden. Han lar varmeovnen gå for fullt medan han har utgangsdynna oppe. Strøm er forsåvidt inkludert i leiga, men hått ville miljøpolitiet sagt? Fysj fysj. Rydding og oppvask er det heller labert med, men han vaskar nå opp når me ber han om det.

Her om dagen desinfiserte Beate, Christoph og eg kjøkkenet. Me skulle ha tatt før og etter-bilete, for det såg ikkje ut inni skap og diverse. Svart vart til kvitt, grønt vart til litt mindre grønt og diverse koppar og kar vart kasta. Badet lot me stå att til Malcom. Så kan me berre vente og sjå når det vert gjort:).
Eg har fått det ganske kosleg på rommet mitt, framkalte nokre bilete eg har hengt opp på veggen. Kosleg å sjå litt kjente fjes! Det er ikkje langt til butikkar og slikt herfrå, og bussen er billig viss me skulle finne på å reise på langtur (t.d. til universitetet).
Til dei som har tenkt seg til Australia for å leige ein DVD har eg ei lita sjekkliste det e greit å gå gjennom før dekkan gjeng te sjappa:
- Ha med pass (pass er verdt 70 poeng på legitimasjonsscoren)
- Ha med enda ein legitimasjon (pass er ikkje nok då det berre gir 70 poeng. 100 poeng er kravet)
- Ha med bevis på at du bur der du seier du bur. Eg måtte legge igjen eit depositum på $20 fordi eg ikkje hadde tenkt på det. Dumme meg.
- Ha australsk mobilnummer.
- Tenk ut eit passord. Eg blei så paff då dei sa eg måtte velge eit passord at eg berre sa "BROWN".....
Eg avsluttar med nokre bilete av litt av stranda me bur ikkje så langt frå (hugs at det er vinter her:p):

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar