Det er mange ting å tenke på når ein skal ut på langtur. Skal eg ha med meg Hakke Hakkespett - den trufaste, utstoppa venen min gjennom så mange år? Eller må han vike for Henning - den svært mykje tyngre, levande venen min gjennom ikkje på langt nær så mange år? Vala er mange og vanskelege. Her kjem det eg eslar å ha med meg te Australia.
Sekk på flyet
- Pass
- mp3-spelar
- Viktige papir
- Toalettsaker
- Henning (viss mogleg)
- Hakke Hakkespett (viss mogleg)
- Billettar
- Bøker
- Album frå Henning
- Fleecegenser (grøn)
- Truser
- Bukse
- T-skjorte
- Sokkar
- AAA-batteri
- Skrivesaker
- PC
- Lommebok
- Mobil
- Paracet
- Fotoapparat
- Genser
- Briller
- Solbriller (evig optimist)
- Belte
- Nakkepute
I bagasjen
- Toalettsaker (meir)
- Ladar (mobli og fotoapparat)
- Kabel til fotoapparat
- Undertøy
- Bikini
- 1 bukse
- Kjole
- Sandalar
- Kawasakisko
- Aerobicsko (dersom plass)
- Sokkar og løddær
- T-skjorter
- Gensrar (nokre varme)
- Jakke
- Shorts
- Skjørt
- Hovudlykt
- Smykke
- Klokkeradio
- Handklede
Her kom eg ikkje på meir. Hakke Hakkespett kikkar furtent bort på meg fordi eg vurderar å leggje han att heime. Eg fær dårleg samvit og må revurdere heile pakkelista.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar