onsdag 31. desember 2008

Ferie!



Naa er det lenge sea eg har oppdatert her, men eg har vore ute paa tur! Veldig aalreit aa ha desse siste vekene til aa reise.




Mamma, pappa, Henning og eg reiste fysst rundt i NSW ei veke eller saa. Til dei som har tenkt aa ta turen hit kan eg anbefale Blue Mountains. Fantastisk utsikt og mange fine stiar aa traske paa. Turen gjekk saa vidare til Goulburn, Canberra, Eden, Batemans Bay og Wollongong. Litt uheldig med veret dei siste dagane, men alt i alt ein kosleg runde. Tilbake i Sydney var det straalande sol, noko som ikkje hadde saa faelt mykje aa sei for meg daa eg fekk nyrebekkenbetennelse og laag stort sett inne paa hotellrommet. Sjukehuset eg var paa har for oevrig ok, sjoelv om dei krangla litt om naar eg burde sendast heim. Mannen ved sida meg snorka saa eg trudde eg skulle dette ut av senga, men med ein pillecoctail utom det vanlege vart det au rett saa taaleleg.




Vidare reiste eg, Henning og Beate til Cairns og snodde kaann nedover austkysten. I Cairns skulle me eigentleg paa kayakk-/snorkletur, men paa grunn av at den eine kayakkinstruktoeren ikkje dukka opp vart det ingen padling paa kaann. Me mistenker han for aa ha vore for fyllesjuk etter julebord. Men nok om det.




I Airlie Beach hoppa me paa ein seglbaat som frakta kaann kring Whitsunday Islands. Me gjekk i land paa ei strand som bestod av 98% silika. Den reflekterte allt ljos, saa den vart heller ikkje varm. Ganske moro! Litt snorkling vart det her au, men sikta var ikkje saa bra som oppe ved Revet.




Hervey Bay var neste stopp. Etter 13 timar paa Greyhoundbussen var me passe oedelagte i bak og nakke/rygg, men me klarte daa aa stable kaann saappass at me kom kaann ut te Fraser Island. Det er ei oey som har regnskogar, skilpadder, ferskvatn og dingoar. Pluss masse sand, saaklart. Bussen til Brisbane gjekk ikkje foer halv to paa natta, men me fekk lov aa sette kaann i oppholdsrommet paa hostellet der dei gav oss megavinglass (sikkert nermare null fire) for $2.




Campervanen henta me i Brisbane og cruisa nedover kysten. Nyttaarseftan feira me i Sydney. Det var ei spesiell oppleving! Mykje folk (mykje RARE folk), raatt fyrverkeri og generelt veldig livat. Me satte kaann ned paa ein fortaugskant paa The Rocks og kosa kaann med take away-oel. Fyrverkeriet vara i 12 minuttar og var heilt ubeskriveleg. $5 mill hadde det visst kosta, men skal ein tru avisene faer byen inn over $40 mill fraa dei sloesevillige turistane paa nyttaarseftan. God butikk...




I morgo reiser Henning heim att medan Beate og eg stikk vidare te New Zealand. Tjo og hei! Det blir moro!




Godt nytt aar te dykk alle!




Klem, Anlaug


tirsdag 25. november 2008

Labben - ein plass der sola aldri skin

Denna bloggen har blitt ein aldri så liten klagevegg, så kvifor ikkje mate inn litt meir klaging? Detta forskningsopphaldet har eigentleg utvikla seg til det tragikomiske - ingenting (og då meiner eg faktisk INGENTING) fungerar som det skal.

Me kom ned hit i den trua at me skulle få kjøyre nokken eksperiment. Ulike problem har dukka opp og satt ein stoppar for dette. I dag sit me her, to dagar før me skal reise, med NADA. Ingenting, altså.

Som ein del veit har me venta fleire månadar på ein fillegass som skulle sendast frå USA. Gassen kom til slutt (kryss i taket), om enn med litt feil samansetjing. Pytt pytt. Me er ikkje så fine på det. Her om dagen var "alt" klart og me skulle sjekke varmetapen som me har surra rundt delar av utstyret. Det var ingen suksess. "Poff", sa det, og stikkontakten gjekk te Notodden. Etter detta sendte me fleir stikkontaktar til denna varme og ubehagelege plassen. Det vart røykutvikling og me bestemte kånn for å gje beng i heile opplegget. Varmetapen var ubrukeleg. Beate og eg skulle eigentleg ikkje drivi med den i det heile tatt. Kunne fått støt og brent opp (kanskje litt overdrivi det siste, men, men..).

Det meste med denna riggen e i grunn ubrukeleg og eg gidd ikkje liste opp alt her. PØKK!

I følge andre post graduater er det ganske vanleg at ingenting virkar her på UoN. Eg gler meg te fredag; da ska me ta toget tilbake frå skulen ein siste gong. Da ska eg vise finger'n te heile forbaska universitetet. For så tøff e eg nemlig.

Som om ikkje det var nok har eg i tillegg mista K-tasten på tastaturet mitt. Eller, eg har han, men eg fær han ikkje på att. Samma sak. BUhU!

Gla'sakar; fredag har me avslutning og skal slukke sorgene kånns med voksenbrus. Ludag ska det vere beach party (det er såklart meldt regn, men det er jau i regi av universitetet. Alt som skjer her er drit:)). Mamma og pappa kjem på måndag. Ferie, tjoho! Henning kjem fredagen etter. Endelig ska me oppleve Australia, ikkje berre strekningen te og frå det støgge universitetet (ja, eg er ganske lei).

Bis dann!

onsdag 22. oktober 2008

Venstrekøyring og gaffatape

Som sikkert dei fleste veit er det venstrekøyring i Australia. Det vil seie at det meste er motsett av det me europearar er van med. Me bur i eit bakvendt land. Det forklarar kanskje kvifor Geb, den tyske, mannlege barbiedokka eg he skrivi om før, reagerte slik han gjorde då han knerta den eine sidespegelen på bilen til Christoph. Normal oppførsel vil eg i alle fall ikkje kalle det.

Etter at det vart eit rom ledig i eit meir eller mindre tysk kollektiv nede i byen bestemte Geb seg at det var på tide å flytte (ein anna grunn var at Beate og eg var for "seriøse" og ikkje festa kvar dag). Me var i grunn ikkje så lei kånn for det, for det har vist seg at han er litt av ein egoistisk tosk. Han fekk låne bilen til Christoph til flyttelasset sitt, noko eg trur Christoph angrar litt på no. Til informasjon er avstanden mellom 3 Young Street og den nye bupælen til Geb mindre enn 1 km.

Då Christoph fekk att bilen sin la han merke til at den eine sidespegelen hang på halvt hold. Han spurte Gep korleis dette hadde skjedd og fekk til svar; "Oii! Det der har eg IKKJE sett! Det må ha vore nokken som har sparka det ned".. Desse sparkepøblane må ha gått grundig til verks, for dekka og felgane på samme sida hadde fått merker som likna mistenkeleg på "oi-der-var-det-ein-fortaugskant"- merker. Geb hadde eit godt svar til dette au. Det var nok ein anna bil som hadde skrapa borti når han hadde stått parkert. Mykje rart hender her nede, men eg har sett særs få bilar køyre på fortauget; bilen hadde nemleg ingen skader på den sida som hadde stått vendt mot gata.

Christoph sa til slutt at han syns Geb burde erstatte spegelen - bilen har han tenkt å selge før han reiser heim til Tyskland, og ein defekt spegel vil ikkje akkurat auke salsprisen. Dette tykte Geb var eit urimelig krav, men sa seg likevel villig til å fikse spegelen - med gaffatape. Geb meinte det vart for dyrt å fikse spegelen skikkelig, difor var tape så mykje betre. Eg er ein trufast tilhengar av gaffa (det e jau ikkje den ting som ikkje kan fiksast med denna vidundertapen), men dette var nå å gå litt over streken. Han kan heller gaffe sine eigne ting, t.d. dei utstikkans fiskeaugene sine. DET hadde nok blitt ei stor forbetring.

..og slik gjekk no dagan: gaffa! - verkstad! - gaffa! - verkstad! - GAFFA!...


Til slutt kjørte Christoph te den lokale bilmekkaren og fekk eit overslag. To hondre australske dollar for å fikse det gamle, noko meir for ein ny spegel. Snill som han er gjekk han for alternativ nummer 1. Svært så motvilling gjekk fiskeauger med på dette. Bilen skal fiksast før helga, så no vert det spanande å sjå når Christoph fær pengane sine. Nokken som vil setta pengar på ein særskilt dag?

mandag 6. oktober 2008

Rottebikkjer, måker og andre skadedyr

Eg ser på meg sjølv som ein ganske dyrevennleg person. Det ville ikkje falle meg inn å slå ei fluge, og eg var i ei lang periode så snill at eg ikkje slo mugg heller (jau, det e faktisk det mygg heiter på gvarvsk). Maten eg et kjem stort sett frå planteriket, og eg tykkjer dyreplagarar skal kastas i torturkammer.

I dei seinare åra er det likevel enkelte dyrerasar som eg har utvikla eit slags hat for. Ta måker som eit døme.

Dei er glupske, stygge, irriterans og innpåslitne. Måkeskrik i det fjerne kan eg gå med på, men det kan lett erstattast av ein CD-spelar med måkeskrik. Eg hadde fått like mykje sommarkjensle av det. Måker setter eg i kategorien drittdyr. Gje meg eit gevær, ein sprettert eller til og meg eit blåserøyr og eg skal gjere mitt beste for å utrydde desse rottefuglane. Det samme gjeld byduer og dei rare fuglane her nede i Australia som høyrast ut som når ungar vert trakka på. Uuuuææææææææ. Grøss.



Så til dyra som verkeleg fær nakkehåra mine te å reise seg og augene te å smalne; rottebikkjene. Dei er små, dumme, bråkete og stygge. Det kan hende at dei høyrer til bikkjefamilien, men etter mi meining er dei meir lik på rottun. Me er så heldige at me har to av desse rottebikkjene til naboar. Dei skvakkar 24 timar i døgnet og held meg vaken når eg helst vil sova. Skvakkinga te desse rottene er så skingrande at eg er redd for at trommehinnene mine skal sprekke. I det siste har dei vore så aktive at eg har vurdert å mate dei sovepiller for å få dei te å halde kjeft. Problemet er berre at eg ikkje har sovepiller. Eg kunne ha bedt huseigaren om å isolere huset betre, men eg trur kanskje det ville vere eit urimeleg krav ettersom isolerte hus verkar vere ikkjeeksisterande i Australia. Difor har mesteparten av tida mi (som eg plutseleg har fått så mykje meir av ettersom natta har blitt korta ned til det halve) gått med til å pønske ut korleis eg kan bli kvitt udyra. Så langt har eg kommi opp med detta:

  • vente på at Bamse, den passe store bikkja som og bur i gata, skal gå bananas og ete opp krypa (dette alternativet er kanskje det som er mest usannsynleg. De hadde skjønt det om de hadde tatt ein kikk på han)
  • be om hardt vær - ein god vind ville sikkert blåse begge rottun te himmels (evt til den steikans varme motparten)
  • "låne" litt prottispulver av Barbie (muskeltyskaren me bur med) og håpe at dei fær ei litt meir maskulin bjeffing
  • gje dei innsovningspillene te Beate og satse på at dei har ein litt meir permanent effekt enn på oss menneske
  • feike eit hundebitt og ringe dyrepolitiet
  • blande rottegift inn i maten deira
  • skyte begge beista (same metode som for måkun)
  • sende dei te Kina med posten
Fleire forslag takast imot med stor takk. Døy møkkabikkjer. Døy.

onsdag 24. september 2008

Prosjektarbeid - eg he ei høne å plukke med deg..

Eg vil gjønne takke Reform 97 for at den har fått meg til å innsjå kva for menneske eg eigentleg er. Heilt frå den ulykksalige dagen då lererane på mellomtrinnet opplyste om at "frå no av skal me ha meir prosjektarbeid" har eg skydd denna reformen som pesten. Prosjektarbeid meg langt ned på ryggen. Prosjektarbeid har samme effekt på meg som homofile har på svogeren min (nå kan de jau gjette kven av dei eg snakkar om)..

Eg tykkjer eg har klart meg høvesvis bra, til tross for 11 år med prosjektterror. Prosjekt etter prosjekt har eg slitt meg gjennom. Diskusjonar om "ingenting" har eg deltatt i. Alt for mange gonger. Utforming av stygge powerpointpresentasjonar som etter mi meining berre har ein effekt på hjernen: Ctrl + Alt + delete.

Det er kanskje ikkje så vanskeleg å forstå at eg hatar prosjekt. Eller, eg hatar å jobbe med prosjekt med ANDRE folk. Det er dette Reform 97 har fått meg te å forstå. Eg likar rett og slett ikkje å forholde meg te andre menneske når eg jobbar. Har aldri gjort det og kjem sannsynlegvis aldri til å gjere det heller. Eg vil gjere ting på min måte i mitt tempo, utan å diskutere fram og tilbake i eit halvt år utan å komma fram te noko. Prosjektarbeid kan få meg til å mislike folk eg egentleg likar.

Kvifor skriv eg det her? Jo, prosjektarbeid er tydlegvis veldig populært i Australia. La kånn ha eit prosjekt som gjeng over heile forbaska semesteret, ja, vær så snill (iiidiot)! På fagevalueringa av Safety and Risk i fjor var det nettopp detta forbaska prosjektet folk var mindre nøgd med. Kva gjorde professoren kånns med det? Joda, han gjorde prosjektet enno større, den fjotten. Så no sitt eg, Beate, Amir og Soroush med eit helsikes pilotanlegg som ska analyseras for hasarder og anna tull. For min del kan heile anlegget gå i lufta.

Kan nokken forklare meg vitsen med at folk som absolutt ikkje likar å jobbe i prosjekt vert tvinga te det? Det eter meg opp innvendig og eg blir ikkje så triveleg å vere sammen med. "Det e så bra trening for arbeidslivet seinare"... Bah. Eg skal finne meg ein jobb som einsam labbrotte (slik som ho i NCIS) slik at eg slipper å komma på prosjekt med folk. "Eg tek gjønne ein kaffi sammen deg i lunsjen, eller når som helst egentleg, men eg skyt meg hell i foten enn å jobbe med deg". Ja, slik skal eg bli. Eventuelt kan eg bli ho rare i nabolaget som alle ungane er redde for.

Gjeng det an å slette Reform 97? Kan eg søkje disp frå Reform 97? Kan eg drepe Reform 97? Eg kunne ha gått i meg sjøl, men det e lettare å gå laus på Reform 97. Reform 97 meg langt inni Polen.

tirsdag 16. september 2008

Barbie sine smarte utsegn om krig og fred og slikt..

Eg vil fortelje dekkan littegranne om Geb (aka Barbie) . Barbie er han tyske som erstatta Malcolm som dekkan kanskje har fått med dekkan. Me har lært kånn eitt og anna om denna guten. Ei klar forbetring har det blitt etter at Malcolm pakka sakene sine og strøyk på dør. Barbie er ryddig, blid og grei. Underhaldning gjer han kånn au. Han e nemleg ufrivillig morosam. Det er ikkje få gonger me har måtte begrave latterkicket i eit hosteanfall etter eitt av hans mange gullkorn. Engelsken hans e ganske dårleg, så me velger å tru at han ikkje eigentleg e stokk dum, men har litt vanskeleg for å uttrykke seg på eit framand språk.

Me skjøna ganske tidleg at ikkje Barbie var som alle andre. Eg har m.a. ikkje høyrt om folk som har "a headache in my knee". Kanskje det forklarar saken; at han faktisk har huet i kneet... Det må vere ein heil del værre enn den diagnosa ein doktor på jobben til mamma gav ein del middelaldrans damer; L.I.S. For dei uinvidde stenn det for Låra I Skoa ( altså litt i overkant tjukke leggar).

At gutar flest har litt problemer med å uttrykke kjenslene sine er ingen ukjend sak, men eg byrja å lure litt på om Barbie har fortrengt i overkant mange vonde hendingar då han, Beate og eg såg ein film for nokre veker sidan. Filmen handla om ein mann, opprinnleg frå Egypt, som vart kidnappa av C.I.A. mistenkt for å ha hjelpt ein terrorist. Han vart frakta til Egypt og torturert. Som dei fleste sikkert kan tenke seg er tortur noko ein helst vil unngå. Det var midt i dei verste torturscenene eg byrja å lure. Etter Egyptaren hadde fått så mange elektriske støt at han ikkje kunne stå på beina kom det frå den andre enden av sofaen: "this is not a good situation for him, I think..". Seier du det, Einstein?

Det e mange eksempel å komma med, men det som kanskje gjer meg i best humør er når han støvsugar. Guten e allergiker så han gjær det forholdsvis ofte. Når han støvsugar i gangen er den nermaste stikkontaken på rommet mitt. Viss eg sit på rommet mitt bankar han fint på, stiller seg opp i dørkarmen med støpselet i handa og spør "do you have engine?". Han varierar med å bytte ut "engine" med "power" og "energy". Ein skal ikkje beskylde guten for ikkje å vere oppfinnsam, men eg har da verken motor eller energi å låne vekk.


Ernæring er ein ting denna guten har peiling på. Eg måtte ta meg ei pause frå dei daglegdagse gjeremål då eg vart opplyst om at "you need engine for your brain. Food gives you engine". Jøss.

Eg vil avslutte med å sei at Barbie er ein veldig triveleg gut, han tenker mykje, er omtenksom og spør stadig "do you have something on your brain?". Faktisk, ja, eg trur det er ei fluge som tassar rundt på hjernen min.

fredag 22. august 2008

Italiensk aften og innbrot i eige hus



I går hadde bebuarane i 3 Young Street staseleg middag i den ringe stova. Vår private kokk, Christoph, diska opp med herleg italiensk mat medan Beate og eg stod for vinen (som me av mangel på vinglas måtte drikke frå krus...). Gep, den nyinnflytta, forsynte kjøkkenet med ny steikepanne. Alle var veldig spente på kva for mat den tyske (og nyklipte) kompisen kånns skulle diske opp med. Han var nemleg svært gnien på opplysningar om kva som venta kånn - men guten kunne laga mat, han! Eg trur me må lure han te å kokkelere fleire gonger.




Då me hadde skrapa tellærkane og prata om alt og ingenting reiste Christoph ut til ein kamerat medan me andre blei heime og holdt vinen med selskap. Moroa hadde berre så vidt byrja. Gep ville ut å ta seg ein røyk rundt midnatt, og Beate og eg blei med ut så han ikkje skulle vere så einsam. Me satte utgangsdøra open og satte kånn ned på benken på verandaen ute. Frå intet kom eit vindkast og dytta døra att - og ja, me har smekklås - og nei, ingen hadde med seg nykkel.

Så sat me der, da. Iført tøflar og joggebukse medan temperaturen krøyp nedover. Betre vart det ikkje etter eg trakka i ei vassdemme då eg skulle prøve å dirke opp bakdøra med ein sykkelnykkel (det virka som ein god ide akkurat der og då). Me prøva så godt me kunne å bryte kånn inn gjennom vindauga til Beate og mitt sitt rom, men det nytta lite. Dei satt bom fast. Ytterdøra gjekk ikkje an å sparke inn (ja, me prøva faktisk). Etter å ha innsett nederlaget henta Gep og eg dunkar med varmt vatten frå vaskerommet i bakgården slik at me kunne halde varmen. Eg tør ikkje tenke på å teite me såg ut der me sat tri stykk på ein liten benk med beina oppi dunkar det tidlegare hadde vore sementblanding i. Der sat me tett omslynga og venta på at Christoph skulle komma heim. Det varte og det rakk, men ingen Christoph kom. Ingen av kånn hadde mobil heller, så me var rett og slett fortapte.




På eit tidspunkt vurderte me faktisk å knuse eit vindauge for å komma kånn inn. Etter å ha innsett at ulempene var ein god del større enn den eine fordelen, kunne me ikkje gjere anna enn å vente. Etter 2,5 timar med hutring og sutring fann Gep likevel ei løysing. Vindauget til rommet hans gjekk an å opne såpass mykje at ein person kunne komma seg inn. Gep lyfte meg opp - forhåpentlegvis utan at naboane registrerte det - og eg fekk kravla meg inn og opna døra ut. Me var redda!




Her endte natta for kånns del. Christoph kom heim ein halvtime seinare. Då låg eg godt under dyna og drømte om sykkelnyklar, sementspann og raudvin i kaffikrus.

torsdag 14. august 2008

Folkeskikk og slikt


Eg kjenner meg gammal. Det er like før eg utstyrer meg med paraply eller handveske slik at eg kan denge alle dei uforskamma ungdommane i skallen. Slik har eg blitt. Tante Pose. Eg sit i forelesningane på universitetet og irriterar meg over at folk ikkje kan halde kjeft når forelesaren pratar. Høglytte folk på bussen som brettar ut privatlivet sitt fær og gammal-dame-lampa til å blinke i hovudet mitt. Til jenta (type 14 år gammal) på bussen i dag: eg er fint lite interessert i å høyre om alkohol/pille-coctailen du drakk før du gjekk ut av huset. Informasjon om diverse prevensjonsmiddel er og ei smule i overkant av kva folk vil utsetjast for når dei tek kollektiv transport.

Har ein avtalt eit møte med ein professor som har knapt med tid klokka 13 så kjem ein klokka 13 og ikkje 13:15. Beate og eg trappa trufaste opp 12:55 medan våre iranske makkerar subba inn eit kvarter for seint. Da hadde me ikkje så mykje tid att. Fysj og fysj. Dagens ungdom!

Mammaen og pappaen min har heilt klart sprøyta huet mitt fullt av glansbilete av korleis folk skal te seg. Takk skal dekkan ha. No gjeng eg og irriterar meg grøn over alt mogleg. Eg er heldigvis ikkje den einaste som har blitt hjernevaska i heimen. Foreldra te Beate har tydelegvis ikkje gjort nokon dårlegare jobb.

Frå no av vert det kamferdrops, småkaker og kaffi for alle pengane. Skal vurdere å bytte ut brillene mine med ein litt strengare modell. Permanentrullar er bestilt og sundagshatten ligg berre og ventar på å bli bruka.

Når det nu er snakk om folkeskikk må eg få legge til; grisen flyttar ut. Snål tyskar flyttar inn:). Snål som i søt/grei/kosleg. Ikkje rar. I tilfelle nokken der ute ikkje skjønnær telemarksk. Ungdommen nå til dags gjer vel ikkje det.

mandag 11. august 2008

Mark Fricker aka Lieutenant Anthony Palermo

"Lieutenant Anthony Palermo (Rick Rossovich) is at the top of the bike-patrol unit. He is positive about it that the problems on the beach can be solved peacefully and without violence. He´s always on duty and he stands up for his subordinate unconditionally".



De lurar kanskje på kvifor eg startar innlegget med vår alles (?) kjære Lieutenant Palermo frå Pacific Blue? Det har seg nemleg slik at vår kjære huseigar, Mark Fricker, liknar han på ein prikk. Kanskje prikk minus, men likevel ganske lik. Det einaste som manglar er 15-20 cm. på høgda. Til informasjon så er han gift og har to ungar (+/- 1). Eg har enno til gode å sjå han på sykkel, men eg mistenker at han driv litt sykkelpolitiarbeid på si. Det hadde nå i alle fall vore grueleg stas. I likhet med Palermo er Fricker fast bestemt på at alle problem kan løysast på ein fredleg måte. Eg har i alle fall ikkje opplevd noko anna. Skal prøve å snike eit fotografi av Mark i løpet av opphaldet her slik at dekkan kan sjå sjølve. Je for Pacific Blue.



fredag 8. august 2008

Allsidig håndklede 2

Eg vil berre slå fast at eg sannsynlegvis hadde vore daud om eg hadde haldt pusten i vente på at Malcolm skulle fjerne håndkledet. Klokka er nå 01:31 og det ligg like forbaska framom kjøleskåpet.

Det allsidige håndkledet




Ein artig (eventuelt grueleg irriterande) ting ved å bu i kollektiv er alle dei ulike vanane/uvanane til dei ein bur med. Heilt til no har eg sett på håndkledet som eit hjelpemiddel for å få kropp og hår tørt, samt noko til å ligge på når ein er på badetur. I detta kollektivet brukast det til ein ting til (det skal seiast at dette berre gjeld Malcolm); golvklut. Ja, det stemmer. Hånkledet fungerar nemleg utmerka til å vaske både bad og kjøkken. Då Malcolm "vaska" badet for eit par veker sea (Beate og eg har satt opp ei slik fin vaskeliste) la eg merke til at han bruka eit hånklede til jobben. -Javel, tenkte eg, det er sikkert berre eit gammalt hånklede han likevel skal kaste. Eg ville i alle fall ikkje tørka meg med noko som har blitt dratt over baderomsskit (inkl. spy, Malcolm har hatt influensa....). Då han tømte mageinnhaldet ut over badegolvet enda ein gong litt seinare (han var så venleg å informere kånn om dette då han ville at me skulle sjå om han hadde fått tørka det skikkelig opp), bruka han same metoden. -Kanskje han har mange håndkle han skal kvitte seg med?

I dag var det kjøkkenet som Malcolm skulle ta seg av. No trur ikkje eg det er tilfeldig lenger; han bruka eit ljoseblått badehåndklede som såg forholdsvis nytt ut. Det er mogleg familien Bruce brukar denne smått tvilsomme metoden heime, det skal eg ikkje spekulere meir i, men eg landar nok heller på forklaring nr. 2; guten har absolutt ingen kunnskap/erfaring når det kjem til vasking. Når ein person må ha bruksanvisning for åssen ein skal vaske eit bad (skal eg vaske do? Dusjen? Åssen vaskar eg spegelen? Kan eg få vekk dei flekkane? etc.) er det noko som ikkje stemmer heilt. Guten er nå berre 20 år, men eg er da ganske sikker på at eg skulle finne ein god deil 20-åringar som veit kva ein golvklut er.

Det ljoseblå håndkledet ligg framleis på golvet ved kjøleskåpet. Eg lurar på når det forsvinn. Trur eg let vere å halde pusten.


fredag 1. august 2008

Smattehelvete

Orsak, eg vet at slikt språk ikkje passar seg på trykk, men av og til er det naudsynt. Dei som kjenner meg har kanskje fått med seg at eg har store problemer med smatting. Eg vert ikkje berre LITT irritert og kvalm når eg ser/høyrer ein som eter med munnen så open at eg nesten kan sjå at maten vert blanda med magesyre. Kall meg gjønne intolerant, men eg kjenner sveitten renne nedover ryggen og brekningsrefleksen melde seg berre ved tanken.

Grunnen til at eg skriv dette her er vår kjære huskompis. Om det er australsk standard eller mangel på folkeskikk er eg ikkje sikker på, men guten et som ein gris. Ein glupsk gris. At han svergar til frukostblanding med mjølk gjer ikkje saka betre (slurp slurp...). Korleis maten i det heile kjem ned i spiserøyret er eit mirakel. Det er berre å sjå for seg korleis sikkel, mjølk og corn flakes strevar for å halde seg inne i den opne munnen og navigere seg vidare ned bak svelgemuskelen. Eg trur faktisk at vanlege folk (som i motsetning til meg kanskje ikkje er så oversensitiv overfor etelydar) og hadde fått problem med å vere i same rom som Hr. Gris. Lurar på om han snart skjønnar teikninga - eg flyktar kvar gong han setter seg ned for å eta. På den andre sida så er han ikkje den glupaste kniven i skuffen, så eg ser nok på fire lange månadar med smatteterror.

Eg måtte skrive dette ellers er det godt mogleg at eg hadde stappa fire par sokkar ned i halsen hans og gaffa godt igjen.

onsdag 30. juli 2008

NTNU vs. UoN

Eg har fått meg ein liten oppvekkar. Er det utdanningsgudane som vil at me studentar skal slite med å få tatt utdanninga kånns på normert tid eller er det universiteta som morar seg med å laga kvalm? Vanskeleg å sei.

Som de sikkert skjønnar har ikkje alt gått på skinner her nede. Me fær likevel ikkje ta CHEM6910 - det einaste faget me førte opp då me søkte på universitetet her nede. På CoE (confirmation of enrolment)- skjemaet stenn det svart på kvitt at me er tatt opp i faget. Merkeleg. Etter ei veke utan timeplan gjekk me til student services for å få ordna opp. Det viste seg vere vanskeleg å finne nokon som hadde oversikt over faget. Då me endeleg kom i kontakt med ei frøken (evt. frue) som hadde ei eller anna sambinding til faget fekk me - rektignok etter enda ei veke med fram-og-tilbake-mailing - vite at me ikkje får ta faget likevel. CHEM6910 skal nemleg ikkje gå dette semesteret. Det faktum at me fekk faget godkjent av UoN i april verkar gått i gløymebokji.

No har me meldt oss opp i eit nytt fag som gjeng intensivt over ei veke. 15.-19. september skal me gjennom 30 t forelesningar og 5 t øvingar. Pluss proskekt. Me GLER kånn og gir University of Newcastle ein klaps på skuldra (type hardt..).

I dag (torsdag 31.07) fekk eg i tillegg ein litt artig mail frå eksamenskontoret ved NTNU. Eg vart påmint om at eg skal ha munnleg kontinuasjonseksamen i TFY4220 Faste stoffers fysikk i nær framtid. Eg tykte dette var ein smule underhaldande då eg - etter MYKJE krangling og slit - fekk ta denne eksamenen i februar tidlegare i år. Det er ikkje enkelt å halde styr på desse studentane. Då eg hadde skrive ein litt halvspydig mail tilbake om at eg har hatt ekstraordinær eksamen i emnet og at faglerar sikkert var klar over dette, såg eg at ein ny mail venta meg. Denne var frå faglerar som opplyste om at konta var sett til 11. august.

Hurra for NTNU og UoN. Eg legg ned eit forslag om at de får tak i slike datamaskiner som de kan legge inn informasjon om studentane dykkar i.

torsdag 24. juli 2008

Nytt telefonnummer

Hu og hei!

Etter litt om og men (veldig omstendlege desse Aussiane) har eg fått nytt SIM-kort. Det nye nummeret e: +61 0424 06 3094

Berre sånn tilfelle nokken skulle trenge det!

lørdag 19. juli 2008

3 Young Street, Bar Beach

Hu og hei!

Da har me flytta inn i huset ved Bar Beach (i følge folk me har treft e dettan eit veldig bra strøk). For dei som skulle ha lyst te å sende meg eit brev eller noko er adressa (hint hint):

3 Young Street, Cooks Hill
Newcastle
NSW 2300
Australia

Altså, me bur i eit veldig bra område med to flatmates. Ein 23 år gammal tysker (fyller 24 på måndag, Beate og eg skal baka kake) og ein 20 år gammal aussie. Sistnevnte, Malcom, er veldig utadvent og kosleg, men eiger ikkje begreper om åssen ein bør oppføre seg i kollektiv. Trur nok mammaen hans har tatt for seg det meste av matlaginga og ryddinga der i garden. Han lar varmeovnen gå for fullt medan han har utgangsdynna oppe. Strøm er forsåvidt inkludert i leiga, men hått ville miljøpolitiet sagt? Fysj fysj. Rydding og oppvask er det heller labert med, men han vaskar nå opp når me ber han om det.







Her om dagen desinfiserte Beate, Christoph og eg kjøkkenet. Me skulle ha tatt før og etter-bilete, for det såg ikkje ut inni skap og diverse. Svart vart til kvitt, grønt vart til litt mindre grønt og diverse koppar og kar vart kasta. Badet lot me stå att til Malcom. Så kan me berre vente og sjå når det vert gjort:).

Eg har fått det ganske kosleg på rommet mitt, framkalte nokre bilete eg har hengt opp på veggen. Kosleg å sjå litt kjente fjes! Det er ikkje langt til butikkar og slikt herfrå, og bussen er billig viss me skulle finne på å reise på langtur (t.d. til universitetet).

Til dei som har tenkt seg til Australia for å leige ein DVD har eg ei lita sjekkliste det e greit å gå gjennom før dekkan gjeng te sjappa:

  1. Ha med pass (pass er verdt 70 poeng på legitimasjonsscoren)
  2. Ha med enda ein legitimasjon (pass er ikkje nok då det berre gir 70 poeng. 100 poeng er kravet)
  3. Ha med bevis på at du bur der du seier du bur. Eg måtte legge igjen eit depositum på $20 fordi eg ikkje hadde tenkt på det. Dumme meg.
  4. Ha australsk mobilnummer.
  5. Tenk ut eit passord. Eg blei så paff då dei sa eg måtte velge eit passord at eg berre sa "BROWN".....
Som dekkan skjønnar var det inga enkel oppgåve. Men me fekk då legt DVD'en etter ca. tri kvarter. Depositumet fekk eg tilbake då eg kom med telefonnummer og kvittering frå huseigar. Filmen var forresten bra.

Eg avsluttar med nokre bilete av litt av stranda me bur ikkje så langt frå (hugs at det er vinter her:p):

torsdag 17. juli 2008

Framme i Newcastle - ''we don't serve alcohol''

Fyrst maa eg berre skryte litt av New Zealand airways (eller haatt det naa heitte). Supersnaale flypersonale og godt med beinplass og ein HAUG med filmar og anna aa velge mellom. Eg spyttar paa Austrian Airlines. Beina mine er forbanna enno.

Vel framme i Sydney etter ein liten pitstop naer Osaka i Japan og Auckland i New Zealand oppdaga me at me ikkje hadde bagasje. Sekkane ville tydelegvis vere litt lenger i Auckland. Forstaaeleg nok. Etter aa ha etterlyst bagasjen moette me Happy Cabby-sjofoeren kaanns - ein svaert pratesjuk Aussie som gav kaan ein ekstra tour i Sydney, Newcastle sin historie og tips om diverse uteplassar og anna. Daa han stoppa for bensin kom har ut med eit slags ismaaltid (ala slike nutrilettbarar, berre i isform) med mango, kokos og noetter. Han nekta til og med aa ta imot tips. Han fulgte kaann inn doera paa Backpackers By the Beach for aa forsikre seg om at alt var i orden. Snille mannen.

Etter aa ha slengt fraa kaann tinga reiste me ut i gata for aa finne kaan mat. Me landa paa ein koseleg liten italiensk restaurant ikkje langt fraa der me bur. Daa me skulle bestille oel til pizzaane fekk me foelgande svar:"We don't serve alcohol... You need to buy your own alcohol, there's a shop just around the corner''.. Javel. LItt anna enn me er vant til, men bevares. Det var da ei fin ordning! Eg trippa rundt hjoernet og skaffa litt drikke til den fantastiske pizzaen me fekk servert.

Foer me la kaann sendte eg ein e-post til ein kar som hadde lagt ut ei boligannonse. Dagen etter fekk me kaann leilighet med sjukt bra beliggenhet. Trur me har hatt rimeleg flaks. Det tek om lag ein halv time med buss til skulen fraa der me bur, og etter ein 4 min. lang gaatur er du paa stranda. Bar Beach. Me skal bu med to gutar fraa hoevesvis Tyskland og Australia. Her kjem me te aa kose kaann!

Det kjem fleir bilete naar eg faar kopla meg opp med min eigen PC. Me flyttar inn i leiligheten i morgo:). I kveld er det Pizza for $2 paa Backpackers og 5. desember kjem Henning paa besoek! Eg gler meg til begge delar (mest til det siste).

Me pratas!

mandag 14. juli 2008

Big in Japan - bokstavleg talt

Dama paa flyet. Eg veit ikkje heilt aassen eg skal beskrive ho, men eg kan jau gjere eit forsoek. Nei, vent. Bilete seier meir enn tusen ord, saa det kjem eit bilete saa fort eg faar kopla meg opp paa min PC. Eit stikkord kan de faa ; mumie.







Etter ein 11 timar lang flytur med sete som var smalare enn skuldrene mine (greit, eg er breisuldra, men eg har da sett vaerre) og daarleg med beinplass landa me lettare vimsut paa flyplassen i Tokyo. Kva snitthoegda til japanarane er veit eg ikkje, men den er i alle fall ein god del laagare enn 178. Eg trur nesten ikkje eg har sett opp paa ein person paa over to dagar. Skummelt. Eg er big in Japan. Beate og, faktisk.

Opplevingane byrja paa flyplassen. Me fekk rota kaann te eit par togbillettar til der hostellet kaans skulle ligge. Nede i ventehallen leita me febrilsk etter ei soeppelbytte aa kaste tomflaskene kaanns i (2 stk vassflasker me toemte paa ca. 10 sekund. Det e varmt i Tokyo). Negativt resultat. Daa kom plutseleg ein politimann bort og spurte om han skulle ta flaskene kaanns. Ingen soeplebytter, men politimenn\soeplemenn. Greit nok det. Faar ikkje heilt det til aa gaa opp: i gatene i Tokyo saag me nesten ikkje soeppel, men det er svaert langt mellom soeppelbyttene.

Vel framme i Shinjuku byrja me aa leite etter hostellet. Men som de sikkert veit saa er bydelane her ganske store. Kart hadde me heller ikkje. Det endte opp med at me stakk paa eit turistkontor der det ikkje var ei brosjyre paa engelsk, men dei som stod bak diskane kunne i alle fall seie "hello" og "you go there".

Etter litt googling og printing fekk me beskjed om aa reise til Iidabashi med tog. Mannen i billettluka var ytterst hjelpsom og peika fint paa ein billettautomat me ikkje skjoenna ein dritt av. Heldigvis hadde Beate kommi i kontakt med ei jente daa eg stod og rota i sekken etter eit eller anna, saa me kom kaann daa paa rett tog. Derfraa gjekk det finflott!

Me dumpa bagasjen paa hostellet og rusla (og svetta) rundt. Japanarane gjeng forresten i dress og svettar ikkje. I alle fall veldig lite. Nok om det. Folka i gatene var veldig koselege, me fekk gratis groen te og alt. Japanarane drikk visst denne teen i dei fleste former; kald som varm. Det var den kalde versjonen me blei utsett for. To gonger. Eg treng ikkje utbrodere meir enn aa sei at det var ikkje spesielt godt. Smaka alger. Sikkert veldig sunt.

Hostellet er reint og fint - me bur paa rom med 6 andre. Ikkje alle like hyggelege. Det er ei dame som eter 85% av tida - helst ting som knasar noko heilt vanvittig, og folk som kjenner meg veit eg har eit LITE problem med etelydar. Dei resterande 15% snakkar ho hoegt i telefon. Spelsielt naar folk skal sova. Ho er eit unntak fraa japansk hoeflegheit.







For dei som ikkje har detti av lasset allereie (og eg har utelatt mykje!) kjem ein del om dag nummer to.

Klokka 06:00 gjekk me ut doera (me hadde nemleg ikkje lov te aa gaa ut tidlegare) for aa besoeke verdas stoerste fiskemarknad i Tsukijishijo. Det var rett og slett heilt fantastisk! Yrande folkeliv og tunfisk saa store som smaa kvalar. Fiskeslo og fartsglade truckfoerarar gjorde det heile enda meir spennans. Eit under at me ikkje blei meia ned. Absolutt aa anbefale dersom folk har tenkt seg te Tokyo


.




Etterpaa tok me metroen (me blei steike gode paa den Tokyoske undergrunnen) til Asakusa for aa sjaa paa tempel. Fekk bilete av Buddah og. Veit ikkje om han var den ekte, men. Meditere gjorde han i alle fall.







Ginza er shoppingsbydelen i Tokyo. Dit reiste me eigentleg berre for aa sjaa i Sonyhuset. Mykje elektronisk moro der! Men enda meir moro vart det i Akihabara; den elektriske bydelen (electric city). Der var det senter paa senter og butikk paa butikk med TV, mp3-spelarar, datasjaesj, TV- og dataspel og mykje mykje anna. Gucci og (pokker, kjem ikkje paa nokken andre slike snobbemerker); ta dekkan ei bolle! Baade Beate og meg byttar vekk kleer med elektroniske dupedittar naar det skulle vere. MEKKA! Eg kjoepte meg ein mp3-spelar av ein veldig soet og snill kar. Kunne shoppa meg blakkare enn blakkast, men litt sjoelvdisiplin har ein da. Det beste av alt; eg kjoepte GROEN veske til den. Skikkelig groen. Fiiiiin.

Turen vart avslutta i Tokyo Tower (333 m hoegt) der me fekk sett utover denna gigantiske byen. Svette og faele kapitulerte me og reiste tilbake te rommet kaanns i femtida. 11 timar med trasking tek paa!







Det er heilt omogleg aa beskrive desse to dagane. Det har skjedd saa mykje! Me har moett fleire fantastiske folk som har hjelpt blond og blondare med aa snuble seg gjennom delar av byen. I morgo legg me Tokyo bak kaann kanskje for godt og reiser til Australia. Det skal bli spennans aa komma seg dit me skal bu eit semester.

Bilete fraa Tokyo kjem snart!

Til neste gong: 知る!

søndag 13. juli 2008

I gangen på flyplassen i Wien utan sko.



No sit me på flyplassen i Wien og luftar tåfisen medan me nerdar på internetten. Trådlaust internett e stas. Folk flest verkar synast at det er ei smule spesielt å sitta på golvet i ein slags gang utan sko med PC'en på fanget. Me bryr kånn i grunnen ikkje så fælt mykje om det.

Flyreisa frå Gardermoen i dag til morgonen starta litt seinare enn den skulle grunna ei mor med x antal skrikarungar. Det er nok litt vanskeleg å komma seg tidsnok til flyet når ein har slike smådingsar å passe på. I tillegg måtte flyvertinnene rote og styre med å få plassert denna vesle familien på rad. Beate og meg blei flytta frå innaen, men då begge to va mongotrøytte etter å ha reist rett frå Kartfestivalen på Gvarv og til Gardermoen hadde det heller ikkje så mykje å sei. Med open munn og sikkel på haka kom me kånn grett igjennom den 2,5 t lange flyreisa. Det skal og seiast at me sov i dei lekraste flystolane eg har vore borti. Dei var gusjegrøne, ikkje ulikt farga på kjøleskåpet kåns heime, med raude belte å spenne seg fast i. Flyvertinnene hadde sjølvsagt matchande raude drakter. Eg lurar på om dei sel noko liknans her på flyplassen. Dei var nemleg svært fine. Og svært raude.

Beate har kjøpt 50 boksar snus.

onsdag 9. juli 2008

Pakkelista mi

... for den som av ein eller anna merkeleg grunn måtte vere interessera i den.

Det er mange ting å tenke på når ein skal ut på langtur. Skal eg ha med meg Hakke Hakkespett - den trufaste, utstoppa venen min gjennom så mange år? Eller må han vike for Henning - den svært mykje tyngre, levande venen min gjennom ikkje på langt nær så mange år? Vala er mange og vanskelege. Her kjem det eg eslar å ha med meg te Australia.


Sekk på flyet

  • Pass
  • mp3-spelar
  • Viktige papir
  • Toalettsaker
  • Henning (viss mogleg)
  • Hakke Hakkespett (viss mogleg)
  • Billettar
  • Bøker
  • Album frå Henning
  • Fleecegenser (grøn)
  • Truser
  • Bukse
  • T-skjorte
  • Sokkar
  • AAA-batteri
  • Skrivesaker
  • PC
  • Lommebok
  • Mobil
  • Paracet
  • Fotoapparat
  • Genser
  • Briller
  • Solbriller (evig optimist)
  • Belte
  • Nakkepute

I bagasjen

  • Toalettsaker (meir)
  • Ladar (mobli og fotoapparat)
  • Kabel til fotoapparat
  • Undertøy
  • Bikini
  • 1 bukse
  • Kjole
  • Sandalar
  • Kawasakisko
  • Aerobicsko (dersom plass)
  • Sokkar og løddær
  • T-skjorter
  • Gensrar (nokre varme)
  • Jakke
  • Shorts
  • Skjørt
  • Hovudlykt
  • Smykke
  • Klokkeradio
  • Handklede

Her kom eg ikkje på meir. Hakke Hakkespett kikkar furtent bort på meg fordi eg vurderar å leggje han att heime. Eg fær dårleg samvit og må revurdere heile pakkelista.

tirsdag 27. mai 2008

Hermar etter Beate og lagar ein blogg

Ein kald vinterdag i Trondheim 2007 hadde eg klart å subbe meg til øvinga i "Reaksjonskinetikk og katalyse" klokka 08:15. Med kaffikoppen i handa deisa eg ned på ein stol og gjorde det klart for dei som satt i nærleiken av meg at eg tykte dette var ukristleg tidleg. Samt ukristleg kaldt. Det var då Beate, som verka uforskamma opplagt, sa med eit glis: "eg e gla eg ikkje ska ver her i kuldo te neste år". Ho skulle nemleg til Newcastle, Australia, for å ta eit semester ved universitetet der. "Ska du ver med?", var spørsmålet. "Ja", var svaret.

Etter mykje papirarbeid og stress (takk til internasjonal seksjon: "til utlandet på 1-2-3".....), satt me ved sida til Jan Erik nede i kjellaren på sentralbygget hos Kilroy Travels på Gløshaugen og skulle bestille billett. Tur-retur Australia var planen. Me endte opp med Noreg-Japan-Australia-New Zealand-Samoa-Noreg. Jan Erik kunne sakene sine.

Denna fine figuren har eg stelt av Beate, berre så det er sagt/skrive.

For ei stund sidan fekk me beskjed om at me hadde kome inn på universitetet, noko me var ganske så letta over ettersom ingen av kånn kjøpte avbestillingsforsikring på reisa. Ein skal då vere litt tøff i trynet.

Den 13. juli 2008 byrjar eventyret til Beate og Anlaug. Det er snart berre ein månad til, men reisefeberen har ikkje nådd meg enno. Eksamenslesing skal vel ha litt av æra for det. Om litt meir enn ein månad sit me altså på flyet med maks. 20 kg i bagasjen og eit tonn med forventningar.